Sunnhordland er ein verdsleiande eksportregion frå havnæringane. Her finn du:
- Komplette marine og maritime verdikjeder som er leiande innan utvikling av framtidas berekraftige løysningar.
- Høg kompetanse innan olje og gass, noko som er kritisk for å lukkast med omstillinga til grøne industriar.
- Unikt samarbeid mellom næringsliv, klynger, katapultar, forsking og utdanning.
- Lokalisering i nærleiken av nye store investerings- og infrastrukturprosjekt gir store moglegheiter for regionen.