Nøkkelindustrier

Nøkkelindustriar


Sjømat og akvakultur

I dag har regionen ei komplett verdikjede innan sjømatproduksjon, og vekst vil skje knytt til teknologiutvikling med avanserte system og løysingar. Døme på fokusområde er elektrifisering av flåtar og båtar, landbaserte og lukka anlegg i sjø, prosessar, - og ei høgare gjenvinningsgrad av restråstoff og lokal vidareforedling. 

Energiteknologi 

Heile verda ser til Sunnhordland når det kjem til utvikling, testing og prototyping av framtidas drivstoff og maskineri for avkarbonisering av den maritime næringa. Med systematisk arbeid frå heile økosystemet i regionen, samstundes som ein vert støtta av nasjonale strategiar, - vil denne særskilde posisjonen føre med seg fleire nyetableringar. 

Havvind 

Industrialiseringa av havvind og lokasjonar nær dei føreståande utbyggingane gjev store moglegheiter for innovasjon, omstilling og attraktivitet for nyetableringar. 

Bioøkonomien

Regionen har god tilgang på restråstoff og andre innsatsfaktorar som er relevante for biogass og andre bioøkonomiske satsingar. Spesielt restråstoff frå sjømatnæringa er det stor tilgang på. Industriell symbiose blir i praksis standard for dei nye industriparkane i regionen, og her finn du bioressursar, restvarme og andre avfallsstraumar frå industrien. 

Share by: