Invest in Sunnhordland kan bistå deg med å finne forretningsmoglegheiter i kommunane Stord, Bømlo, Kvinnherad og Fitjar. Me hjelper selskap slik at dei kan få ein vellukka start. Om du ynsker å etablere ditt selskap i Sunnhordland-regionen, vil me hjelpe deg frå oppstart til du er klar for marknaden. Me har grundig kunnskap om industri- og næringsområda i regionen og kan hjelpe deg med å finne rett geografisk stad for di verksemd.
Invest in Sunnhordland er del av den regionale næringsutviklingsbedrifta Atheno AS. Atheno forvaltar ei industriell klynge i Sunnhordland som er bygd opp over 35 år og har et breitt nettverk i regionen med tilgang til nøkkelindustriar og næringsklynger.
Invest In Sunnhordland vert finansiert av Vestland Fylkeskommune og kommunane Stord, Bømlo, Kvinnherad og Fitjar.
Vår rådgjeving og teneste er kostnadsfri.